Til kommunestyret .pdf

File information


Original filename: Til kommunestyret.pdf
Author: Andreas Bidne Horvei

This PDF 1.4 document has been generated by Writer / OpenOffice.org 3.2, and has been sent on pdf-archive.com on 23/10/2012 at 11:35, from IP address 80.212.x.x. The current document download page has been viewed 934 times.
File size: 1.1 MB (3 pages).
Privacy: public file


Download original PDF file


Til kommunestyret.pdf (PDF, 1.1 MB)


Share on social networks



Link to this file download page



Document preview


Til alle kommunestyre-politikarar.

22.10.2012

Me er ei relativt stor gruppe, som vonar att kommunestyret vil ta omsyn til eit nytt alternativ til
skulesamanslåinga på Vossestrand. Difor vil me be dykk, om å ikkje bestemma plassering av ein
eventuell ny grunnskule, før me har hatt eit folkemøte, no i haust. Om det vert bestemt ei
samanslåing av Sundve og Oppheim skular, i kommunestyret sitt møte på Torsdag, så kan
plassering av den nye skulen, bestemmast på eit seinare tidspunkt.
Me er både foreldre, og kommande etablerarar på Vossestrand som ynskjer dette, men eg synes
spesielt de skal høyra på kva ungdommane ynskjer for framtida her oppe.
På neste side ligg det eit skriv, som eg har tenkt å senda ut til innbyggjarane på Vossestrand, der de
finn meir informasjon om forslaget.

Vennleg Helsing
Andreas Bidne Horvei
Bidnesvegen 144
5713 Vossestrand.

Skulane på Vossestrand.
Når ein fyrst skal byggja ny skule, burde denne leggjast på den mest eigna, og mest sentrale plassen
i ei bygd. Difor føreslår me eit alternativ, der ein legg skulane til Sundsvollsåsen på Oppheim.
Gjennom å byggja skulane i Sundsvollsåsen, vil me oppnå:
– Bruk av nærmiljøet i undervisninga. Rundt skulen vil det liggja skog og utmark, som ungane
kan bruka aktivt. I gåavstand frå skulen har me Oppheimsheisen, kyrkja, gamle
prestegarden, Oppheimsvatnet, Omsorgstunet, tennisbane, hoppbakke, og planlagt
langrennsløype. I nærleiken av skulen ligg det akebakkar, der det og er moglegheit for
skiløyper. I tillegg har ungane moglegheit for gardsbesøk, med ulike aktivitetar.
– Etablering av nytt byggjefelt, i same område som skulen. Per i dag er det ingen ledige
hustomter i nærleiken av skulane på Vossestrand.
– Å få ein sentralt, rettferdig og fornuftig plassert skule.
– Gjera grenda attraktiv for tilflytting, både på Oppheim og i Haugsvik med ny skule, og på
Sundve med ny barnehage.
– Få skulen vekk i frå trafikken på stamvegen.
– Eit godt SFO-tilbod, med ulike aktivitetar kvar dag.
– At elevane får flytta på seg, og slepp å gå 15 år på same staden.
– Mange forskjellige fysiske aktivitetar, noko som stadig vert viktigare, i eit samfunn der
borna ellers held seg mykje i ro.
I byggjefasen, vil heller ikkje elevane ha trong til å flytta på seg før den nye skulen står ferdig, då
dei kan bruka eksisterande skulebygg, som i dag.
Når det gjeld Sundve, vil dei få den nye barnehagen, som skal ta imot alle dei minste frå heile
Vossestrand. Ein stor del av innbyggjarane på Stronde, har arbeid på vangen, og dermed ligg
barnehagen på vegen ned, slik att foreldra kan sleppa borna av her om morgonen. Skuleelevane har
jo som kjent buss og taxi tilbod, så innbyggjarar i Myrkdalen og på Sundve, vil ikkje få behov for å
køyra elevane opp til Oppheim.
Eldar har ballbinge på Sundve, og det har vore snakka om å leggja kunstgras på fotballbanen, noko
som er til stor nytte for idrettslaget. Då vert denne derimot ikkje mogleg å utnytta til leikeplass i
friminutta, visst skulen byggjast her. Då må skuleplassen utvidast, og meir dyrka mark vert utbygd.
Skuleplassen er dessutan allereie for liten i dag. Idrettslaget har behov for idrettshus, med gymsal,
dusj og garderobeanlegg, noko som noverande ungdomsskulebygg har. Barneskulen på Sundve skal
rivast, så her får ein meir disponibelt uteareal.

Oppsummert:
Ein ny barne og ungdomsskule på Oppheim, med nytt byggjefelt
Barnehage på Sundve
Idrettsanlegg på Sundve, om det er interesse for det
Dermed har ein eit alternativ, som burde vera tilfredsstillande for alle.
Andreas Bidne Horvei

Biletet er brukt med tillatelse frå Svein Ulvund
Utsikt frå Jakobskyrkja (merka turløype)


Document preview Til kommunestyret.pdf - page 1/3

Document preview Til kommunestyret.pdf - page 2/3
Document preview Til kommunestyret.pdf - page 3/3

Related documents


til kommunestyret
evv 2017mat1005 b02s
eidsvoll1814
kurzanleitung
2 jahresplanung rtlii mai2011
gr7b

Link to this page


Permanent link

Use the permanent link to the download page to share your document on Facebook, Twitter, LinkedIn, or directly with a contact by e-Mail, Messenger, Whatsapp, Line..

Short link

Use the short link to share your document on Twitter or by text message (SMS)

HTML Code

Copy the following HTML code to share your document on a Website or Blog

QR Code

QR Code link to PDF file Til kommunestyret.pdf